bookmark_borderBouvetøyi

Eg har hatt gjester på bloggen min frå mangt eit land i laupet av det siste året der eg har logget kor dei kom frå, men ein gjest i går slo likevel rekorden: Han var frå Bouvetøyi!

Wikipedia skriv at Bouvetøyi er ei øy i Søratlanteren som er under norsk suverenitet. Ho er den mest avsidesliggjande ubebudde øy i verdi og ligg 1700?km frå nærmaste land, Dronning Maud Land.